Modellar til Strikkeloftet

2 modellar til Stikke-Loftet på Oasen

Arne & Charlos hue.


Marius seleskjørt, bildet er teke før selane vart sydt på. Str. 6 mnd. trur eg det var. Spøta i Lanett frå Sandnes



Denne skjønne anda traff eg på når eg va ute og gikk på tur på fredag. I går va ho ikkje å sjå lenger.

Ynskjer dåkke ei koseleg veke!


Gåver til to små jenter

På skotårsdagen kom tantebarn nr. 9, det vart ei lita jente.

Ho fekk gensar og hue. Mønsteret på bolen er eit gammalt mønster frå Nordfjord. Fiksa litt på det slik at det passte til masketalet i oppskrifta eg tok utgangspunkt i. For å holde orden på fellingane på bærestykket, vart omgongane med felling grøne. Hua er ei hjelmhue, mønster i eit hefte får Dale. Spøta i str. 9 mnd, reknar med at det passar til hausten / vinteren.

  

Kjole til ei anna lita nyfødt jente, spøta den i str. 1 år so det er ei stond til ho kan bruke den. Mønster i boka Strikkelyst. Spøta i Royal alpakka frå Dale. Eg hekla blomstra til pynt, prøvde litt forskjellege plaseringar før eg bestemte meg. Kjolen er spøta i 2 like stykker, Eg hekla dei saman i sidene, i staden for å sy. Fann to søte knappar i knappeboksen min. 

   

Ynskjer dåkke ein koseleg søndag!







Konfirmasjon

Har vore i konfirmasjonen til mi niese Janne Renate i dag.

Ho fekk eit brodert bilde av meg.

   

Bakte kake til henne i går.





Pulsvarmara mm.

Det har vore veldigt roleg her på bloggen min i år. Har laga ein del ting, har ikkje vore so flink å legge det ut etter kvart. Her kjem noko av det eg har laga.


Pulsvarmara i Viking sportsragg, spøta hue i det same garnet for nokre år sidan so den er velbrukt før pulsvarmarane vart ferdige.

 
Pulsvarmara i Lerke frå Dalegarn, hua har eg lagt ut bilde av før. Fargen stemmer ikkje heilt med bildet, settet er rødt. Tok bilde ein dag eg brukte det på tur.


2 par pulsvarmara på bestilling, håpar mottakaren blir fornøgd.


Lagde ny hue med sauer til min nevø, den han fekk te bursdagen var for lita. Ribbestrikka ullbukse i Mini palett frå Sandnes, til ein liten gut.



Pulsvarmara

Har spøta meg 2 par med pulsvarmara

Eit par i Viking sportsragg, trur eg det var, dette paret var ferdigt før jul. Spøta meg hue i det same garnet for månge år sia, dden er velbrukt alt.

  
Eit par i Lerke frå Dale. Desse passar til hua eg spøta meg til nissefesten i barnehagen.

I dag har eg sydd meg nye gardiner, har berre gardinkapper, so det var fort gjort å sy saumane i endane. Hengte dei opp når eg tok ned julegadinene.

Omøblerte litt i går so no han eg følge med på tven samtidigt som eg er på dataen. Vart fornøgd med omøbleringa mi.

Julegåver 2011

GØDT NYTT ÅR!!!!!!!!!!!!!!!!!!!

På tide med litt oppdatering av bloggen min.

Nesten alle fekk noko eg hadde lage, ein heil del ting er blogga før. Alle syskjena mine med ektefelle/sambuar, mamma, pappa fekk kvar si køppetvøge i tillegg til ein kalendar med mine bilder.Ein onkel fekk også køppetvøge. Trur at dei fleste køppetvøgene er blogga før.

Dyffelcoaten eg blogga i august var også julegåve.

Dei to yngst nevøane mine fekk broderi

  
Svein Jarle fekk ein lang adventskalendar og Sakarias fekk kolokkestreng med fødselsdata.

Eldste niesa fekk litt juletre pynt i perlebroderi, tok bilde av det, men med feil kamera...........ein systra mi har akkurat make kamera so eg............. bilde kjem seinare.



Diverse småting

Trengte ei raude hue som eg kunne bruke på nissefesten i barnehagen i dag. Denne er spøta i Lerke frå Dale, so då gikk det fint å bruke den inne. Mønster i Dale sitt hefte nr. 206.


Panneband spøta på bestilling frå ein av vikarane i barnehagen. Ho syns det eg hadde va so fint.


3 køppetvøger er også ferdige, dei får få ein omgong i vaskemaskina i løpet av helga.


Lommetøffler, ei fin lita bursdagsgåve.

Bursdagsgåve

     

Ein av mine nevøar fyllte 1 år i november. Då fekk han gensar, bukse og hue med sauer i Hegre frå Dale. Læstene og vættene er spøta i On-line garn.

Mønster til gensaren er å finne i Dale sitt hefte nr. 248. I heftet er gensaren "jentete", eg brukte fargane til babypose til gensaren. Hua vart desverre for lita, so eg skal lage ny hue. Fekk ikkje til å laste opp bildet av berre hua :-(

Ynskjer dåkke alle ei koseleg adventstid!

Halsar.

 

Dei 2 systrene mine som hadde bursdag i september fekk kvar sin hals, Den som fortsatt ikkje har fått knappar skal eg ha sjølv. Det fleirfarga garnet er Odin frå Viking, mønsteret er i hefte nr.1110 frå Viking.


Eit lite læstepar, til ein liten gut.

Prøvde å laste opp nokre bilder til, men dei ville ikkje bli lasta opp i kveld. Får prøve igjen ein annan dag.

Brodert løpar

Det er no ei stund sidan denne vart ferdig.

 

Den er brodert etter eit gammalt mønster, på oppdrag for ei dame. Hadde tenkt å overlevere den i sommar, men det gikk ikkje, for eg oppdaga at eg hadde gløymt 4 små sting, i ein av fargane. Reknar med at dama har fått den no. Har lyst å lage ein slik løåar til meg sjølv og, i litt andre fargar.

Ynskjer dåkke ein koseleg laurdagskveld og ein flott søndag.



Les mer i arkivet » Mai 2012 » April 2012 » Januar 2012
Turi

Turi

46, Bergen

Bur på Laksevåg, er 45 år. Arbeider i barnehage.

Kategorier

Arkiv

Siste innlegg

Siste kommentarer

Lenker

hits